Folk
Sidan han som tidleg tenåring kom som eit uver frå Fræna inn på string swing-scena, har han utvikla seg til ein allsidig musikar til allversbruk. Han kan spele fletta av kven det skal vere, men treng ikkje å vinne tevlingar i virtuositet. Snarare er det ein djup melankoli i spelet, og ei musikalsk spennvidd der han er i tetsjiktet av moderne jazzfiolinistar. Etter platedebuten «Night Driver» har han medverka på 15 plateinnspelingar over eit stort spekter. Med «Folk» innfrir han forventningane med låtar som også er portrett av åtte personar vi berre får fornamna på. Om du trur Roland heiter Kirk eller Cedermark (mitt tips) eller berre er ein kompis av Ola, så er det den musikalske opplevinga som tel, frå den lett funky opninga av bandet med bassist Steinar Raknes på bass og trommeslagar Erik Nylander, og gjennom resten av galleriet. Om «John» er Coltrane eller «Arvo» er Pärt, kva med Oscar? Må vere Peterson tenkjer eg, men ein melankolsk låt er det, og det er Kvernbergs melankoli. Men det svingar også grassat når dei slepper seg laus. Difor er «Folk» ei plate folk vil like.

