Origin: Jazznytt (Download the entire Jazznytt magazine for free as PDF)
Author: Lars Mossefinn
Ola Kvernberg Trio er eit fantastisk live-ensemble. CDutgjevingane har gjeve klare signal om ein trio i rivande utvikling. Med CDen «Folk» på Jazzland tar Ola Kvernberg eit nytt steg. Kanskje det mest overraskande/spanande i denne runden er å registrera korleis Kvernberg har utvikla seg som komponist.
Alle dei åtte låtane har enten gute- eller jentenamn – fire av kvar og såleis full likestilling. Temaet har oftast eit tvelande preg sjølv om tempoet varierer. Det mest markerte unnataket er komposisjonane «Sara» og «John»– sistnemnde ein låt som både skapar assosiasjonar til Coltrane og McLaughlin (pre-Miles/Mahavisnu-utgåva). Dette er eit mest 91/2 min langt spor som gjev Kvernberg høve til å spela på heile registeret frå kjappe enkeltnoteløp og ein call-respons sekvens der Kvernberg utfaldar dobbeltgrepsteknikken. Taktskiftet innleier siste del av koret der Kvernberg utforskar ‘alle sider’ ved låten. Eit høgdepunkt.
Låten «Tale» er i andre enden av skalaen. Elegisk, rubato med fokus på dei tematiske kvalitetane i låten og eit cymbalspel av Nylander som er ei nyting frå ende til annan. «Sara» knyter an til stemninga frå «Tale» med ein relativt fri rytmikk før tempoet blir skrudd opp og Kvernberg tek trioen med inn i eit musikalsk landskap som stort sett rocka gitartrioar ferdast i.
«Arvo» er eit solostykke av Kvernberg der han spelar arpeggio på fiolinen. Eit musikalsk kvileskjer før CDen blir avslutta med den smått hypnotiske «Oscar», der Kvernberg vekslar mellom lange bogedrag og feitt arpeggio bluesspel. Dermed er ringen slutta. Ein er tilbake ved utgangspunktet – «Roland» – ein låt som fekk tankane mine i retning av Gary Burtons underkjente «Trob».
Kvernberg står for alt det solistiske, men Raknes og Nylander legg eit perfekt fundament for Kvernbergs mange ekskursjonar.
Ein opplagt kandidat til årets plate når status skal gjerast opp ein gong i løpet av desember månad.

